Byggesak

Byggereglar og søknadsblankettar er tilgjengeleg på Direktoratet for byggkvalitet sin nettstad www.dibk.no og lovdata. Dei mest aktuelle reglane er Plan- og bygningslova (PBL), Forskrift om byggesak (SAK), med rettleiing og Byggteknisk forskrift (TEK), med rettleiing.

 

Unntak frå søknadsplikt:

Mindre tiltak som ikkje krev søknad og løyve frå kommunen går fram av Plan- og bygningslova (PBL) § 20-5 og Forskrift om byggesak (SAK) § 4-1. Direktoratet for byggkvalitet har utarbeida ein vegvisar, der du kan sjekke om tiltaket oppfyller vilkåra for unntak. Hugs å melde frå til kommunen når bygget er ferdig, slik at bygget vert registrert i Matrikkelen og teikna inn på kartet.

Tiltak der tiltakshavar sjølv er ansvarleg:

For enkelte mindre byggetiltak og bruksendring som krev søknad og løyve frå kommunen, kan tiltakshavar sjølv vere ansvarleg for heile tiltaket. Kva tiltak dette gjeld går fram av Plan- og bygningslova (PBL) § 20-4 og Forskrift om byggesak (SAK), § 3-1 og § 3-2.

Tiltak må samsvare med gjeldande arealplan:

Alle byggetiltak må samsvare med gjeldande reguleringsplan eller kommuneplan. Du har sjølv ansvar for å sjekke kva arealplan som gjeld for området. Sjå om kart tilgjengeleg på nett viser arealplan, eller ta kontakt med kommunen for hjelp til avklaring. Du kan òg be om ein førehandskonferanse med kommunen. Det er høve til å søkje om dispensasjon frå arealplanen, om tiltaket ikkje er i samsvar med arealplanen.

Andre byggetiltak:

For andre byggetiltak som bustadar, fritidsbustadar og større bygg, er det krav om at føretak med tilstrekkeleg kompetanse er ansvarleg for søknad, prosjektering, utføring og eventuell kontroll. Dette gjeld òg ved riving av slike byggverk. Her kan ansvarlege føretak og kommunen kan gje rettleiing om saksgang.

Det er høve til å be om ein førehandskonferanse med kommunen for å avklare ulike forhold knytt til tiltaket. 
Skjema for tinging av førehandskonferanse
 

Tiltak på eksisterande byggverk:

Som ei hjelp til å vurdere bruk av byggereglane ved bruksendring og ombygging av eksisterande byggverk, har Norsk Kommunalteknisk foreining utarbeidd ei eksempelsamling med døme på ulike typar tiltak. Lenke til eksempelsamlinga.

 

Informasjonsark for ulike typar tiltak:

For meir informasjon om ulike typar tiltak, sjå informasjonark utarbeidd av Norsk Kommunalteknisk foreining   

Kontakt

Roald Rekdal
Ingeniør byggjesak
46411027
Ole Marius Sve Hagen
Saksbehandlar byggsak
46411039