Mentorordninga i landbruket

 

Mentorordninga for landbruket er ei god ordning, som landbruket står bak samla. Unge bønder under 35 år skal prioriterast.


Mentorordninga i landbruket inneber at ein fersk bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartnar i drifta gjennom eitt år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet, lokal foredling med meir.
Mentorordninga i landbruket er inne i det femte året sitt i 2021. Heile 131 mentorpar frå heile landet deltek.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvaret for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Det blir gitt økonomisk støtte over jordbruksavtalen.
Mentorpara inngår ein avtale som inneber kommunikasjon og møter gjennom eitt år. Mentor for godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for ny bonde.

Søknadsfristen for 2022 er 1. desember. 

For meir informasjon og påmeldingsskjema, trykk på linken under:

"Vi anbefaler mentorordninga" | Landbruk Nordvest (nlr.no)