Ny runde med fordeling av SMIL-midlar og midlar Tiltak i beiteområde Statsforvaltaren ber kommunen rapportere bruken av SMIL-midlar med tanke på at dei no skal gjennomgå status for alle kommunane for å sjå om det er midlar som kan refordelast frå kommunar som ikkje har nytta tildelt sin pott til kommunar som treng meir. Eg må svare innan 26. september og difor ber eg alle som har konkrete prosjekt dei ønskjer å søkje på om å melde inn dette til meg innan fredag 23.09, kl. 12:00. Eg treng følgjande opplysingar: Type tiltak (om det gjeld SMIL eller Tiltak i beiteområde) + KORT omtale Forventa kostnad (bruk standardsatsane i vedlegget) (PDF, 119 kB) Tidspunkt for planlagt gjennomføring Både når det gjeld SMIL og Tiltak i beiteområde vart alle midlane delte ut ved 1.ste tildeling, slik at her det berre er ev. refordelte midlar mellom kommunane som kan brukast. Portalen for å søkje SMIL og Tiltak i beiteområde er open slik at ein kan søkje heile året. Dersom du likevel skal søkje i 2023 kan du like godt legge inn ein fullstendig søknad. Skulle eg ikkje få ekstramidlar no, vil denne søknaden bli handsama på ordinær måte i 2023. Eg gjer elles merksam på at når det gjeld drenering har Statsforvaltaren rikeleg med ufordelte midlar, slik at her kan eg fordele fortløpande etter behov. Med venleg helsing Næringssjef Inge Bjørdal