Oppdatering av gardskartet i sanntid

NIBIO har no klart å få til ein funksjon som gjer at kommunen kan oppdatere arealopplysningane (markslaget) i gardskarta i sanntid, dvs. at når kommunen gjer endringar her vert også den sentrale databasen hos Statens Kartverk automatisk oppdatert, og dermed også det nettbaserte gardskartet som de har tilgang til. Tidlegare har vi berre hatt høve til å sende inn oppdateringsopplysningar på markslaget éin gong pr. år. Og det har ofte ført til at opplysningane som kjem til kommunen ikkje har ført til oppdatering av gardskarta før året etter innmelding. Når det gjeld eigedomsinnhaldet (grenser og gnr/bnr) derimot har lenge hatt denne mulegheita til lokal oppdatering i sanntid.

Elles vil vi gjere merksame på at innmelding av endringar er grunneigar/søkjar sitt ansvar. Landbruksdirektoratet og kommunen er pålagde å bruke gardskartet/jordregisteret som grunnlag for godkjenning av arealbaserte tilskott, t.d. produksjonstillegg. Om de nydyrkar areal t.d. og ikkje melder frå, vil de misse arealtilskottet inntil kartet er oppdatert.

Sjå vedlagde brosjyre dersom du vil vite meir om areaklassifikasjonen i AR5.
Lenke til brosjyren (PDF, 6 MB)