Praksisveke for deltidspersonell - Brann og redning I samband med gjennomføring av grunnkurs for tilsette i brann- og redningsvesenet, gjennomfører vi praksisveke i veke 11. Tidspunkt måndag 13.03 kl. 09:30 til fredag 17.03 kl. 12:00. Det vil verte ein del køyring i sentrum med brann- og redningsbilar. Det vil bli nytta lys og sirener ved behov. I enkelt høve vil vi merke områder med øving. Gjer vel i å gje veg for oss ved utrykning og køyr forsiktig. Dette med tanke på dykkar sikkerheit og for oss som står i vegen. Ta gjerne bileter, men hald avstand. På førehand tusen takk Mvh Stig Tore Rennemo Brannmester i Stranda kommune