Pressemelding frå Åknes Tafjord Beredskap IKS - Endringar i varslingssystemet
Det vert endringar i varslingssystemet for Åknes Tafjord Beredskap IKS.
Styret i Åknes Tafjord Beredskap IKS gjorde i sak 08/24 vedtak om at varsling med tyfonar går ut og at desse evnt skal overførast til sivilforsvaret.
Dette vil skje frå månadsskiftet mai/Juni.
Grunnlag for det ikkje vert varsling med tyfon, er at 110-sentralen skal gå over til nyare datasystem, og dagens tyfonar er ikkje tilpassa dette systemet.
Ved nedlegging av tyfonvarsling, vert sikkerheita for bebuarane i området ikkje svekka. Ein har eit påliteleg SMS-varslings system som dekker heile området, samt at det er innført eit nytt nasjonalt varslingssystem (Nødvarsel) som dekker heile området.
Det vil såleis framleis vere eit godt og sikkert varslingssystem i området.
ÅTB IKS
Styret.