Renovasjon er ei samfunnskritisk oppgåve. Samfunnet er avhengig av at avfallet blir henta og sendt til gjenvinning. ÅRIM vil difor arbeide for å oppretthalde tenestetilbodet mest mogleg som normalt, også i situasjonen med Corona. Her er informasjon om kva ÅRIM gjer no, og ved ei eventuell eskalering.
Øystein Solevåg, dagleg leiar, seier følgjande:
- Renovasjon er ei samfunnskritisk oppgåve. Vi arbeider difor for å la tenestene fungere så normalt som mogleg, så lenge som mogleg. Samtidig har vi lagt planar for at situasjonen vi no har kan eskalere. Vi har sett at behov for tiltak skjer svært fort. Vi må difor vere førebudde på å snu oss, og raskt finne løysingar når noko oppstår.
- Det er viktig for mange at miljøstasjonane er opne. Laurdagar har vi normalt svært godt besøk og folk kjem tett på kvarandre. Vi såg det difor som riktig å stenge denne vekedagen for å hindre smittespreiing. Bingsa er difor stengt allereie førstkomande laurdag. Resten av veka går foreløpig som normalt.
- Vi vil setje inn fleire tiltak som skaper fysisk avstand mellom folk. Dette vil truleg skape kø og lengre tid på å levere. Vi vil difor oppfordre folk om å vente med å dra til miljøstasjonen til situasjonen med Corona har stabilisert seg.
- Foreløpig går den daglege drifta i selskap stort sett som normalt.
Dette gjer ÅRIM for å førebyggje og begrense smitte:
- Storboss-aksjonane på Fjørtofta, Lepsøya, Haramsøya og Hellesylt blir utsett inntil vidare.
- Bingsa miljøstasjon (Ålesund) er stengd på laurdagar, førebels fram til påske.
- Nøsa miljøstasjon (Ålesund) har ikkje ope 21. mars.
- Alle tenestereiser ut av ÅRIM-området blir avlyst med umiddelbar verknad.
- Selskapet avgrensar i størst mogleg grad fysisk kontakt mellom lokalitetane på Moa, Bingsa miljøstasjon og Bingsa miljøpark.
Ut over dette har miljøstasjonane ope inntil vidare. Vi arbeider for å halde miljøstasjonane våre opne så normalt som mogleg så lenge som mogleg.
For å redusere smitterisiko på miljøstasjonane ber vi publikum om å:
- Besøke miljøstasjonen utan å vere i fysisk kontakt med andre
- Forvente kø. For å unngå nærkontakt begrensar vi kor mange bilar som kan vere på stasjonen samtidig. Dette kan gi kø og lengre tid på å levere.
- Forvente redusert hjelp. Tilsette vil halde minst ein meters avstand, og vil ikkje kunne hjelpe med å tøme hengar eller bilar.
- Unngå kontakt for å redusere smittefare. På Bingsa vil vi be kundar om å scanne miljøstasjonkortet på utsida av vekta sjølve.
Vi oppfordrar om å utsetje besøket til situasjonen med Corona har stabilisert seg.
Beredskap ved eskalering
Selskapet har også lagt ein plan for tiltak dersom situasjonen skulle eskalere. Ingen slike tiltak blir iverksett no. Dersom vi får redusert bemanning er blant anna følgjande tiltak aktuelle:
- Bruk av overtid og henting av avfall på andre tider enn i dag
- Redusere henting av avfall som kan vente, i første omgang glas og metallemballasje
- Alternative løysingar, for eksempel at innbyggjarar leverer til eigne konteinarar.
Tiltak vil bli tilpassa situasjonane. Dette kan skje på kort varsel.
Informasjonsdeling
I ein beredskapsituasjone vil responstida på telefon, e-post og kundekontakt kunne bli redusert. Ikkje alle vil få svar. Vi vil gjere vårt beste for å vere tilgjengelege, men vil måtte prioritere dei aller viktigaste oppgåvene.
- Ved eventuelle tiltak vil ÅRIM primært informere via arim.no og Miljøselskapet ÅRIM på Facebook. Vi vil også sende pressemeldingar til avisene og kommunane vi hentar avfall i.
Så langt går den daglege drifta i selskapet stort sett som normalt.