Program for 17. mai 202017. mai 2020 blir ikkje slik den brukar å vere, men Stranda kommune håper at det kan bli ein fin og minnerik dag. Vi ønskjer alle ei god 17. mai-feiring! Streaming av arrangementet: Heile det offisielle programmet vil bli filma, både det som skjer på kaiene og det som skjer om bord i båten. Det er høve til å følge med på WebTV via kommunen si heimeside og Facebookside, samt Sunnmøringen si heimeside. Ruta til bilkortesjen på Stranda tettstad: Sløgstad, Storgata, Hevsdalsvegen, Småledbakkane, Storgjerdevegen, Ødegårdsvegen, Skaffarvegen, Movegen, Nymarkvegen, Fagerlivegen, Ødegårdsvegen, Sløgstad Rekkjefølgje i kortesjen: Politi, brannvesen, veteranbilar/AmCar (etter alder), Russen, MC, øvrige bilar Kart: Kart over ruta til bilkortesjen (PNG, 2 MB).