Råd til bonden om koronasmitte

 

I samband med utbrudd av koronavirus har vi lagt ut informasjon på våre heimesider.

Det ein bør vera oppmerksam på er følgjande;

  • Det er viktig for alle å følgje råd frå Folkehelseinstituttet
  • Er det nokon i administrasjonen som ønske heimekontor så legg til rette for det.
  • Veterinærinstituttet kjeme med oppdateringer etter kvart i samband med handtering av husdyr. Det er i dag eit råd med eit føre-var-hensyn om at personar med smitte avgrensar si kontakt med matproduserande dyr. Det er ikkje påvist at smitte vert overført frå menneske til dyr. Det er ikkje sagt noko om personar utan smitte som sitte i karantene og handtering av dyr.
  • Landbruket sine organisasjonar har satt ned ei beredskapsgruppe der vi helde kvarandre informert om status i dei ulike organisasjonane.
  • Dei fleste organisasjonar har valgt å avlyse eigne fysiske møter/samlingar som ikkje er høgst nødvendig å gjennomføra no. I tillegg så er det innført restriksjonar på deltaking på andre sine møter/samlingar. Bondelaget har med anna bestemt at alle fysiske samlingar fram mot påske med over 20 deltakere vert avlyst eller utsett. Digitale løysingar vert brukt der det er råd. Vi anbefaler at ein vurderer om det er høgst nødvendig å gjennomføre fysiske samlingar i vår organisasjon, og heller avlyse/utsette desse. Det kan og vera aktuelt å gjennomføre desse digitalt. Det er viktig å tenkje på landbruket sitt omdømme.
  • NLT har i telefonstyremøte 12. mars gjort vedtak om at vårt eige årsmøte vert flytta til 25. - 26. mai. Det vil samtidig bli sett på alternative måter å arrangere årsmøtet på dersom det fortsatt ikkje lar seg gjera å arrangere det fysisk.

Når det gjelder dei tilsette så er det ikkje gjort noko endringar/lette i forhold til sjukdom og arbeidsgjevarperiode. Vert ein tilsett sett i karantene vert vedkommande og sjukemeld. Her må ein sjå kva ordningar myndigheitane eventuelt kan koma med etterkvart. Det er annonsert at regjeringa vil kome med tiltak ovanfor næringslivet. Sjå elles informasjon frå NHO. NHO har og kome med 10 krav i samband med koronakrisa.

Det er verdt merke seg at alle som har hatt opphold utenfor Norden og kjeme til Norge, automatisk vert sett i karantene uavhengig av smitte eller ikkje. Dei kan då ikkje gå på jobb i forhold til gjeldande retningsliner.

Det vert og i samband med faglaga sett på kven vi skal rekne som nøkkelpersonell hos oss. Dette er viktig å spele inn til myndigheitene i forhold til eventuelle prioriteringar ved testing med meir.

Det naturlege her vil jo i utgangspunktet vera administrativt tilsette og landbruks-/beredskapsvikar i laga. Er det andre de tenker på så ønske vi tilbakemelding på dette.

Det er viktig med gode rutinar i samband med å sende avløysar til bruk der det er smitte/karantene. Ein må då unngå personleg kontakt og kommunisere via telefon med meir. God smittehygiene for menneske er like viktig som det allerede er for dyra i dag. Om det er råd å utstyre avløysar med antibac/desinfisering så gjer det. Det er i dag usikkert korleis viruset smitter via kontaktflater på husdyr eller anna, men her er det viktig å ta sine forhaldsreglar (god handhygiene, reint arbeidstøy, hansker o.l.). Ved auka etterspørsel etter sjukdomsavløysing så vil det vera naturleg å la dette gå på bekostning av ferie/fritidsavløysing, og vi oppmodar alle partar til å vera rause med kvarandre her. Informer medlemer, gjerne i samarbeid med lokale faglag. Vis gjerne til informasjon frå andre.

Bondelaget har sendt ut informasjon til sine medlemer om korleis dei skal forhalde seg.

Vi kjeme til å vera i dialog med faglaga i forhold til å sjå på den plikta vi har til å stille med beredskap ved akutt sjukdom og krise. Både når det gjelde retningsliner og økonomi.

Meir informasjon vil kome etter kvart som vi får fleire avklaringar. Det pågår eit kontinuerleg arbeid for å kartlegge konsekvensar spreiing av koronaviruset får for landbruket.

Vi håper snart å få sendt ut forslag til informasjonsskriv som kan nyttast mot tilsette og medlemer/kundar. Er det nokon som har utarbeidd dette og vil dele tar vi i mot med takk.

Info om 48-timersregelen - Lenke til Mattilsynet

Fylkesmannen har også lagt ut myke informasjon til bønder om koronasituasjonen.
Kan vere lurt å melde seg på nyheitsbrev, då får du melding når det kjem ny oppdatert informasjon.