Revidering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2020-2023

Klikk for stort bilete

Stranda kommune skal i tråd med Plan og bygningsloven §§ 4-1 og 4-2, samt §§ 11-2, 11-4 og §11-12 revidere kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Vi ønskjer at lag/org. og andre kjem med innspel på nye/rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsområde i Stranda kommune. Planen inkluderar aktivitetar innbyggjarane driv/ønskjer å drive.

Gjeldande plan finn du på www.stranda.kommune.no eller ved å vende deg til servicekontoret.

Det vert halde eitt folkemøte samla for heile kommunen (med atterhald om at planprosessen vert godkjend i Kommuneplanutvalet sitt møte 27.05.19).
Folkemøtet vert i Stranda tettstad og alle innbyggjarar i Stranda kommune er velkomne til aktiv medverknad:

Tid:     Tysdag 04.06.19   kl. 18

Stad:   Klubbhuset/Mona stadion

Planmøtet vert leia av Møre og Romsdal Idrettskrets.

Rett innspel til planen innan 04.07.19 til

Stranda kommune, Kultur og fritid, Øyna 13, 6200 Stranda

eller post@stranda.kommune.no