Revisjon av Tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap

  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Vestnorsk Fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart i 2005 innskrive på UNESCO si verdsarvliste som naturområde etter internasjonale kriterium. Tilleggsmoment for innskrivinga er det aktive jordbrukslandskapet som tilfører området ein kulturell dimensjon.

For å ta vare på verdiane i jordbrukslandskapet, er det avgjerande med aktive bønder og andre som skjøttar landskapet. Dei som gjer ein innsats for dette, har sidan 2008 fått økonomisk bidrag for arbeidet som vert gjort.

Tiltaksplan for Vestnorsk fjordlandskap var grunnlag for løyvingane ved oppstart. Denne planen treng no revisjon. I samband med revisjonsarbeidet vert det i desse dagar utført ei brukarundersøking, som vil vere viktig for å kunne synleggjere og vurdere behov for økonomisk verkemiddel for vidare drift og skjøtsel av landbruket i dei to delområda av verdsarven.  Undersøkinga vert utført ved intervju av vel 20 søkjarar i Nord-området og tilsvarande i Sør-området.

Stranda kommune v/næringssjef Inge Bjørdal har ansvar for Nord-området, dvs. Stranda og Fjord kommunar, medan Aurland v/landbrukssjef Magnhild Aspevik er ansvarleg for Sør-området og prosjektansvarleg for utarbeiding og godkjenning av ny tiltaksplan.

Ny tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap er forventa godkjend fyrste halvår 2022.