Smittevernrettleiar for produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet

Klikk for stort bilete 

Smittevernrettleiaren gir råd og informasjon om smittevern til norske produsentar av frukt, bær, grønsaker og potet. Rettleiaren er gyldig frå publiseringsdato 14.05.2020, og vil bli oppdatert ved behov. 

Rettleiaren er utarbeidd av Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Stiftinga Matmerk og Fylkesmannen i Vestland (med faglege innspel frå Fylkesmennene i resten av landet), på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er teke utgangspunkt i mal for rettleiarar publisert av Folkehelseinstituttet (FHI), og den har vore på ei kort høyring hos FHI og i Bondelagets si arbeidsgruppe for grønt-produksjon.

Alle som på ein eller anna måte er involvert i norsk grønt-produksjon vil finne relevant stoff i rettleiaren. Viss du er i tvil om råda, er det helsemyndigheitene sine smittevernreglar som gjeld.

Dersom du har konkrete spørsmål om:

  • Smittevern – ta kontakt med kommunehelsetenesta
  • Innkvartering eller arbeidsmiljø – ta kontakt med Arbeidstilsynet
  • Næringsmiddeltryggleik – ta kontakt med Mattilsynet