Stranda kommune blir meldt ut av ROBEK

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har 6. februar 2023 sendt følgjande brev til Kommunal- og distriktsdepartementet:

«Utmelding av ROBEK - 1525 Stranda

Stranda kommune vart meldt inn i ROBEK (register om vilkårsbunden kontroll og godkjenning) våren 2023, og er registrert etter kommunelova § 28- 1, bokstav a og b.

Kommunestyret i Stranda har vedteke budsjett og økonomiplan for 2024-2027, sak 131/23 Budsjett- og økonomiplan for 2024-2027, vedtaksdato 20.12.2023.  

Statsforvaltaren har den 05.02.2024 gjennomført ein lovlegkontroll av årsbudsjettet  etter § 28-3 og godkjent budsjettet i Stranda kommune. Vedteke budsjett og økonomiplan for 2024-2027 er i balanse.

Det er difor gledeleg for Statsforvaltaren å konstatere at vilkåra for å bli meldt ut av ROBEK (kommunelova § 28-5) er oppfylt. Vi ber Kommunal- og distriktsdepartementet melde Stranda ut av ROBEK.»