Stranda Kommune i selskap med dei store

Tildelt EU midlar for internasjonalt arbeid og utveksling.

Stranda Kommune har fått godkjent sin søknad om akkreditering i EU systemet. Det betyr at Stranda Kommune har fått tilskot til å drive eit arbeid internt i eigen kommune og ved å ha prosjekt og utveksling med andre kommunar og andre land.
Det betyr at enkeltelevar og grupper av elevar, tilsette i skular, barnehagar og i støttetenestene kan få dekt kostnadane ved å reise på utveksling til andre stader i Europa.
Samtidig vil Stranda Kommune få besøk på same måte.
Ikkje minst kan Stranda Kommune auke kompetansen og etablere ein betre praksis for å ta vare på innbyggarar med bakgrunn frå eit anna land.

For å få meir informasjon sjå dokumentet  Strategisk plan for oppvekst og internasjonalisering i Stranda Kommune (PDF, 3 MB)