Stranda kommune signerte fredag kontrakt med Telenor om utbygging av høghastigheits breiband i Sunnylven.

Stranda kommune signerte i fedag 12.07 avtale om utbygging av høghastigheits breiband i delar av kommunen som ikkje har dekning i dag. Dette gjeld dei områda der ein fekk statleg støtte til utbygging i 2018: Nibbedalen, Langedalen og Røyrhus, Sunnylvsbygda. Hellesylt sentrum og byggefelt vert også utbygd.

Dei to representantane frå Telenor som møtte Stranda kommune fredag var:

  • John-Niklas Handberg (regionsjef)
  • Arne Quist Christensen (moderniseringsdirektør)

Det vart samstundes tid til å ta opp spørsmål om andre område som manglar dekning (øvre del av Geiranger, Dalsnibba, deler av Stranda-dalen og Liabygda).

Ambisjonen er å få eit ferdig utbygd nett i løpet av 2019, men det er nok meir realistisk å ta utgangpunkt i sommaren 2020.

Telenor vil halde orienteringsmøte i bygdelaga der dei vil gå meir i detalj om prosjektet (framdrift, ansvar/roller, eigeninnsats m.m.).

Avtalen tek atterhald om politisk godkjenning dersom vi ikkje kan gjere bruk av investeringsmidlar