Stranda Kommune sjekkar tryggleiksalarmar

Stranda har iverksett tiltak for å avdekke feil ved alarmknappar knytt til tryggleiksalarmen Climax GX-8, og for at brukarane skal føle seg trygge.

Feilen går ut på at det ikkje har vore aktivert varsel for lågt batteri og varsel dersom alarmknappen er øydelagt.

  • Batterivarsel er no aktivert etter heimebesøk 16. februar
  • Varsel for deteksjon av øydelagte alarmknappar er fortsatt ikkje aktivert. Stranda ventar på oppdatering frå leverandør for at dette skal verte aktivert.
  • Heimetenesta har gjort ei mellombels endring i rutine for sjekk av alarmknappar til å utføre test av desse 1 gong pr. veke.

Under heimebesøk 16. februar vart ikkje avdekt alarmknappar som var øydelagte, eller med tomt batteri.

I Stranda Kommune er det i dag 20 heimebuande brukarar med denne type tryggleiksalarm. I tillegg nyttar Geiranger omsorgssenter 10 tryggleiksalarmar til internt pasientvarslingssystem.

Brukarane har alarmknappar på seg, anten som armband eller smykke. Desse har ein knapp som utløyse ein alarm som går til heimetenesta. Det er desse knappane som no har blitt sjekka for feil.

Tryggleiksalarmar