Søknadsfrist til kommunen – 15. mars 2026
Kommunen oppmodar alle til å søkje på dei ordningane de har rett på.
Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)
Tilskot til tiltak som tek vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet til jordbruket, i tillegg til å redusere forureininga frå jordbruket ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Eigar eller drivar av landbrukseigedom kan søkje.
Stranda kommune ønskjer å bruke SMIL-midlar for å:
• støtte aktiv drift og auka jordbruksproduksjon
• motverke attgroing og tap av biologisk mangfald
• fremje beitebruk
• redusere erosjon og avrenning til vassdrag
• hindre ureining frå gjødsellager og rundballar
• restaurere verneverdige bygningar og kulturmiljø
• betre tilrettelegging for friluftsliv
• fjerne piggtråd i inn- og utmark
• fremje samarbeid ved å støtte planleggings- og områdetiltak
Tilskotet er 40 - 70 % av godkjent kostnadsoverslag. Gjennomføringsfristen er 3 år og kan forlengast med 2 år.
For meir opplysningar, sjå Tilskottsordningar - Stranda kommune og Gjeldande lokale retningslinjer.
NB: Nye retningslinjer er utarbeidd og skal opp til politisk behandling 16. februar 2026.
Søknader innsendt innan fristen vert prioriterte, men det er høve til å søkje heile året.
Meir informasjon og søknadsskjema: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet
Ramma for 2026 er kr 310 000.
Tilskot til tiltak i beiteområde
Tilskotet gjeld tiltak som bidreg til å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområde.
Det er fyrst og fremst beitelaga som kan søke på dette tilskotet. Enkeltføretak kan søke når det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.
Stranda kommune ønskjer å bruke midlar for å:
• fremje bruk av utmarksbeite til husdyr
• fremje fellestiltak i beiteområde
• redusere tap av dyr på utmarksbeite
Tilskotet er 30 - 70 % av godkjent kostnadsoverslag. Gjennomføringsfristen er 3 år og kan forlengast med 2 år.
Døme på tiltak kan vere:
Sperregjerder, ferister, elektronisk overvakingsutstyr/gjerde, saltsteinautomatar, sanke- og skilleanlegg, ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde, prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk, vegetasjonskartlegging.
For meir opplysningar, sjå Tilskottsordningar - Stranda kommune og Gjeldande lokale retningslinjer. (PDF, 6 MB)
NB: Nye retningslinjer er utarbeidd og skal opp til politisk behandling 16. februar 2026.
Søknader innsendt innan fristen vert prioriterte, men det er høve til å søkje heile året.
Meir informasjon og søknadsskjema: Tilskot til tiltak i beiteområde - Landbruksdirektoratet
Ramma for 2026 er kr 210 000.