Tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - 2022

Merete Rønneberg  

Merete Rønneberg  

 

 

 

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i desse områda, jf. § 1 i Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarv-områdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal òg medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskaps-verdiar, hindre attgroing og ta vare på og fremje eit ope og opplevingsrikt kulturlandskap, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap – kulturlandskap, 2022. (PDF, 6 MB)

Kven kan søkje?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som medverkar til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan vere:

  • Grunneigarar eller drivarar
  • Landbruksføretak registrerte i Landbruksregisteret
  • Organisasjonar, foreiningar eller lag
  • Andre som medverkar til å fremje føremålet med ordninga
     

Kva kan du søkje om tilskott til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:

  • Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • Tilrettelegging for ferdsel
  • Formidlingstiltak
  • Naudsynt planlegging av tiltak
  • Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
  • Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Tiltaka må vere i samsvar med gjeldande planar for området.

I 2021 opna vi meir for søknader om tiltak etter siste kulepunkt (Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga), og vil gjere det same i 2022 så langt midlane rekk. For denne type tiltak vil kommunen vurdere kva for søknader og tiltak som skal prioriterast, og vil då legge vekt på i kva grad:

  • kostnadene står i forhold til mål og forventa effekt av tiltaket
  • tiltaket inngår i eit målretta og langsiktig arbeid som fremjar føremålet med tilskotsordninga.


Kommunen må – som forvaltningsmynde –  med andre ord vurdere tiltaka i AgriAnalyse-rapporten t.d. opp mot kriteria i § 3, og føremåletr i § 1.

Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar.

Les meir i rettleiingshefte (PDF, 494 kB)

Korleis søkjer du?
Sjå rettleiingshefte, pkt. 6 

Søknadsfrist:

  • Areal og dyr: 15.09.2022, kl. 23:59:00.
  • Andre tilskott: Kontinuerleg og så snart som råd, med siste frist 15.06.2022, kl. 23:59:00.


Det vert også i 2022 sett av ein sum til investeringar, men slik at vi har dekning til dei rettigheitsbaserte søknadene (areal- og beitedyr) om areal og beitetilskott som vi normalt får inn.

Det er viktig at du les godt gjennom rettleiingsheftet.

Ansvarleg:
Stranda kommune.

Kontaktperson:
Inge Bjørdal. E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. M: 464 11 023