Utspyling av leidningsnettet tilknytt Stranda vassverk veke 15 og 16

Det vil bli utført spyling og lekkasjesøk av leidningsnettet tilknytt Stranda vassverk i veke 15 og 16 . Det kan i denne perioden bli trykktap, misfarging på vatnet og vatnet kan også bli heilt vekke i korte periodar. 
Om ein opplever farge på vatnet i springen, la kaldt vatn renne til det blir klart. 

Stranda kommune beklagar dei ulempene dette vil medføre, men det er eit nødvendig tiltak for å halde leidningsnettet reint.

Spyling og lekkasjesøk av hovudleidningar blir gjennomført etter følgande tidsplan for områda:
-    Storgjerde, Langlo, Ødegård, Mona, Dalevegen, Sentrum, Helsemvika, Kjølås  - 13.04.24.
-    Svemorka, Helstad, Furset, Engeset  - 14.04.2024.

Spyling og lekkasjesøk av fordelingsleidningar blir gjennomført for resten av nettet i løpet av veke 16.

Ved spørsmål teknisk vakt tlf. 911 79 875.