
Samfunnsdelen i kommuneplanen skal synleggjere utfordringar, mål og strategiar for utvikling av Stranda som lokalsamfunn. Måla og strategiane i samfunnsdelen legg føringar for korleis Stranda kommune skal vere i framtida.
Formålet med medverknad i planlegging er å sikre løysingar som tek omsyn til alle sine behov, gi deg ei stemme i utvikling av kommunen din, bidra til lokaldemokrati og gi politikarar eit godt grunnlag for å ta avgjersler som er relevante for innbyggjarane i Stranda kommune.
Her har du moglegheita til å kunne påverke utviklinga av kommunen din.
Vi i kommuneadministrasjonen sett stor pris på alle innspel vi kan få til kommuneplanen.
Lenke til QR-kode