Står du i manntalet?

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2023.

Skal du flytte?

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet?

Bur du i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du var registrert som busett i då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.

Veljarar med strengt fortruleg adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunane får eit særskilt tilleggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar det gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegivinga.

Vil du sjekke om du er rett manntallsført?

Ta kontakt med kommunen din. Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollere eigne opplysningar og sende inn klage om det er feil i manntalet.

Søknad om innføring i manntalet

Om du har budd utanlands i meir enn 10 år, må du søke om innføring i manntalet. Dette kan du gjere samtidig med du stemmer. Det same gjeld om du er norsk statsborgar, men har aldri vore folkeregistrert som busett i Noreg. Du sender søknaden til den kommunen du sist var folkeregistrert som busett.
Søknaden må innehalde ei erklæring om at du fortsett er norsk statsborgar.

Lenke til søknad om innføring i manntalet (PDF, 60 kB)

 

Manntalet ligg ute frå 10. juli til offentleg ettersyn på følgjande stader:

  • Servicekontoret på Stranda

Heile manntalet vil vere tilgjengeleg fram til valdagen.

Står du ikkje i manntalslistene eller er det andre feil i listene kan du krevje dette retta. Då må du sende skriftleg og begrunna klage til Valstyret i Stranda, Øyna 13, 6200 Stranda