Adressetildeling

Stranda kommune har som målsetting at alle bustadeigedomar skal ha tildelt unike veg- eller områdeadresser (vegnamn + husnummer)

Ordninga omfattar også alle næringseigedomar, offentlege bygg samt dei fleste fritidseigedomar.

Nye bustadtomter får som regel tildelt vegadresser ved byggeløyve og vedtak om tidelt adresse vert sendt bebuar i  eige brev.

Forskrifta som heimlar dette finn du her https://lovdata.no/dokument/BV/forskrift/2010-09-16-1311

Du kan søke etter adressa di i linken http://www.seeiendom.no/

Dersom du opplever at det vert nytta feil adresse på deg, så sjekk kva du står oppført med av adresse i folkeregisteret. Vi opplever at mange ikkje har meldt flytting når dei f.eks. flyttar innanfor same område/byggefelt. Dette medfører at når kommunen har tildelt vegadresser, så står du oppført på den gamle adressa di.

Er der feil i Folkeregistet må du sjølv sørge for å melde frå om dette.

Info om dette finn du her

Er du registrert med feil adresse på dei ulike søkemotorane på Internett, kan det vere telefonlevrandøren din som ikkje er oppdatert med di folkeregistrerte adresse. På nokre av nettstadane, f.eks. 1881.no , kan du sjølv redigere opplysningane som er registrert på deg.

Har du spørsmål når det gjeld adresser på  eigedomen din så ta gjerne kontakt med oss