Oppmålingsforretning

 Alle sakstypar som krev oppmålingsforretning jf.krav i Matrikkellova er:

  1. Oppretting av ny grunneigedom §10
  2. Oppretting av ny festegrunn §12
  3. Oppretting av ny anleggseigedom §11
  4. Oppretting av nytt jordsameige §14
  5. Matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn §13
  6. Matrikulering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling
  7. Arealoverføring §15
  8. Grensejustering § 16
  9. Klarleggjing av eksisterande grense(r) §17
  10. Eigarseksjon som omfattar uteareal §6 e) eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon. 


Herav krev følgjande saker søknad og vedtak etter Plan-og bygningslova (PBL):

  1. Oppretting av ny grunneigedom
  2. Oppretting av ny festegrunn
  3. Oppretting av ny anleggseigedom
  4. Oppretting av nytt jordsameige
  5. Arealoverføring

 Søknadsskjema finn du her.

Det er krav om nabovarsel ved deling, endring eller oppretting av eigedom: PBL § 21-3
I Stranda nyttar vi følgjande skjemaer til dette: 
Blankett 5154N
Blankett 5155N
Blankett 5156N

 

Følgjande saker krev berre søknad etter Matrikkellova (ML):

  1. Grensejustering 
  2. Klarleggjing av eksisterande grense
  3. Eigarseksjon som omfattar uteareal,  eller nytt / endra uteareal til eksisterande eigarseksjon
  4. Matrikulering av umatrikulert grunneigedom eller festegrunn
  5. Matrikulering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling

Søknadsskjema finn du her (PDF, 652 kB)

Sakstypar utan krav om oppmålingsforretning:

  1. Samanføying (PDF, 996 kB)- dersom du eig fleire bruksnummer er det fordelaktig å samle dei til eitt.
  2. Matrikkelføring av privat grenseavtale
  3. Matrikulering av eigarseksjon (PDF, 2 MB)

Elles finn du mykje nyttig informasjon om eigedom, tinglysing og naudsynte skjemaer på kartverket sine internettsider

Gebyrsatsar i Stranda kommune. (PDF, 569 kB)(frå side 17)

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Arealoverføring
Inneber frådeling, overskøyting og samanslåing i ein og samme operasjon, men der er visse krav ein må vere merksam på. Desse finn du meir om her. Og naudsynte skjemaer finn du her.

Grensejustering  
Kan berre gjennomførast for mindre areal mellom naboeigedomar, sjå informasjon her

Oppmålingsforretning
I Stranda kommune organiserer vi oppmålingsforretning på følgjande måte:

Etter handsaming av  søknad, tek vi kontakt med rekvirent av forretninga for å avtale høveleg tidspunkt. Deretter vert utsend varsel om oppmåling med tilhøyrande partsliste.
Naboar , gjenbuarar og andre som forretninga kan ha betydning for vert betrakta som partar. Varsel skal sendast ut eit par veker før forretninga, men vi kan også avtale kortare frist per telefon dersom det er få berørte partar.
Det er viktig at partane møter på forretninga for å påvise eigne grenser eller dokumentere rettar ein måtte ha over det aktuelle arealet.  Dersom du ikkje kan møte sjølv, kan du gje ein annan person fullmakt til å møte i din stad. Fullmaktsskjema kjem som vedlegg til varsel og partsliste.

På forretninga vektlegg vi å vere upartiske og lytte like mykje på alle partar sine argument, for deretter å koordinatfeste og merkje grensa slik partane sjølve er eller blir samde om. Vårt ansvar er å syte for at oppmålinga blir nøyaktig, og at arealstorleik  samsvarar med vedtaket for søknaden.

Klage, klagerett og klagefrist.
Etter oppmålingsforretninga vert nye eller justerte grenser ført inn i matrikkelen. Det er sjølve matrikkelføringa som er enkeltvedtaket, og kan difor påklagast jf. FVL § 2.
Ved klage, må du undersøkje om du har klagerett og klagen må sendast innan fristen.
Du sender klagen til kommunen (underinstans) som kan gjere om vedtaket.
Dersom ikkje klagen blir teken til følgje i kommunen, skal den sendast  vidare til Fylkesmannen som er hovudklageinstans.
Du kan lese meir om klage i forvaltningslova (FVL) kapittel VI : her

 

Nokre definisjonar:
Grunneigedom:
Eigedom som er avgrensa ved eigedomsgrenser på jordoverflata. Eigedomsretten strekkjer seg så langt nedover i grunnen og oppover i lufta som privat eigedomsrett rekk etter ålmenne reglar.

Festegrunn:
Del av grunneigedom eller jordsameige som nokon har festerett til eller som kan festast bort, eller som nokon har ein tilsvarande eksklusiv og langvarig bruksrett til.

Anleggseigedom:
Bygning, konstruksjon eller avgrensa fysisk volum som er tillate utbygd og er utskild som eigen eigedom. Anleggseigedom vil normalt strekkje seg så langt nedover i grunnen eller oppover i lufta som eigedomsretten rekk, der konstruksjon legg beslag på grunn under eller luft over konstruksjonen.  Du kan lese meir grundig om etablering av anleggseigedom her.

Jordsameige:
Areal eigd av fleire grunneigedomar, der sameigepartane inngår i grunneigedomane.

Umatrikulert grunneigedom:
Grunneigedom som ikkje er tildelt eige matrikkelnummer (=gards-og bruksnummer)
Informasjon  om dette og om jordsameige, samt vilkår for å matrikulere slik eigedom fin du her.

Fleire definisjonar finn du i: Matrikkellova § 3  og  Matrikkelforskrifta § 2

Sist endra 03.12.2018 15:39

Kontakt

Carlos Ruiz Rabelo
Ingeniør oppmåling
Sigmund Alme
Konsulent oppmåling