Utlevering av matrikkelopplysningar

Retningslinjene for å gje ut informasjon om eigar, bustadadresse og nabolister for eigedomar er blitt endra.

Matrikkellova pålegg kommunen å fylgje retnigslinene for utlevering av personopplysningar.

Namn og bustadadresse er personinformasjon og kven som har heimel til å få utlevert slik informasjon frå matrikkelen og til kva formål informasjonen skal nyttast til kjem fram i matrikkellova m/forskrift.
Kartverket som sentral matrikkelmynde og tilsynsmynde krev at kommunen fylgjer lovverk og forskrift.

ALLE MÅ REGISTRERE SEG.

For at kommunen skal kunne levere ut nabolister, andre lister over grunneigarar og andre dokument frå matrikkelen som inneheld namn, bustadadresse og anna personinformasjon, må mottakaren som ynskjer slik informasjon legge fram legitimasjon og fylle ut eit eige reg. skjema.

DET MÅ FYLLAST UT KVAR GONG AV BÅDE PRIVATPERSONAR OG VERKSEMDER SOM YNSKJER MATRIKKELINFORMASJON.

Skjema til nedlasting: