Varsel om oppstart

Førehandsvarsel - Detaljregulering for del av Langlo bustadfelt

VARSEL OM REGULERINGSARBEID:

I samsvar med reglane i PBL§12-3 og §12-8 vil vi med dette gjere kjent at det vert sett i gang arbeid med privat detaljregulering for gnr/brnr 49/11 på Langlo i Stranda kommune.

Tiltakshavar ynskjer å nytte tomta til konsentrert bustadbygging. Området er ein del av den gamle reguleringa Langlo II frå 1972 (plan-ID 1972001), men denne planen er forelda, og før utbygging må vi difor utarbeide ny plan etter gjeldande reglar i PBL.

Planen skal fremjast som privat detaljreguleringsplan på grunnlag av gjeldande reguleringsplan, kommuneplanen og vedtektene. Avgrensing er synt på bildet nedanfor:

Klikk for stort bilete 

 

 

Tiltakshavar er: Pro-Nor Utvikling AS, Ivar Aasen-gata 4, 6150 Ørsta

Innspel i saka skal sendast skriftleg til:

Svein Holmen Arealplanlegging, Postboks 319, 6101 Volda eller svein.l.holmen@gmail.com innan 7.nov 2019.