Eining for habilitering/rehabilitering yt miljøterapeutiske tenester til personar med samansatte behov. Målgruppa er personar med diagnosen:
Psykisk utviklingshemming, psykiske lidingar og/el. ruslidingar.
Målet med all habilitering/rehabilitering er at tenestemottakar skal oppnå elller vedlikehalde eit best mogleg funksjons- eller meistringsnivå. Øvre aldersgrense er 67 år.
Miljøpersonalet i Eininga for hab/rehab, utøver tenesten ut frå ein tverrfagleg kompetanse.
For å få tildelt miljøterapeutiske tenester i heildøgnsbustader må søkjar ha eit funksjonsnivå som medfører behov for tett oppfølging og bistand i kvardagen.
Eining for hab/reh. yt høg grad av tenester i:
Nymarkvegen omsorgsbustader
Møregata
Fjordgården
Barlia
Eining for habilitering og rehabilitering har også ansvar for tenestene:
Støttekontakt
Avlasting i privat heim 0-18 år
Omsorgsstønad
Langlobøen:
Avlastning til born i kommunal avlastarbustad
Gruppetilbod
Søknadsskjema og saksgang:
Sjå informasjon om tenestekontor
Skriftleg søknad skal sendast til:
Tenestekontor
Øyna 13
6200 Stranda.
Det er viktig at søknaden inneheld nødvendige opplysningar for den vidare saksgangen og at søknaden er signert.
Søknader på tenester vert behandla av tenestekontoret.
Lovgrunnlag:
Lov om kommunale helse og omsorgstjenester
Lov om pasient og brukarrettigheter
Lov om behandlingsmåter i forvaltningssaker
Lov om helsepersonell