Innsatsteam

Stranda kommune ynskjer at innbyggjarane i kommunen skal kunne bu heime så lenge ein ynskjer, og ha ein aktiv alderdom med god livskvalitet.

  • Innsatsteam er eit tverrfagleg samansatt team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar.
  • Teamet tilbyr intensiv innsats i ei tidsavgrensa periode, for at du skal kunne klare deg best mogleg i kvardagen.
  • Oppfølging skjer i din heim eller i ditt nærmiljø, og vi samarbeidar tett med heimetenesta ved behov.

Ein aktiv og deltakande alderdom, der ein meistrar daglege gjeremål er viktig for å.

  • Kunne bu lengst mogleg i eigen heim
  • Oppretthalde god livskvalitet
  • Halde ved like kroppslege funksjonar
  • Halde fram med å vere sosialt deltakande
  • Utsette behov for hjelp

 

Målgruppa er:

  • Utskrivingsklare brukarar frå sjukehus, rehabilitering- eller kommunalt korttidsopphold som har behov for tverrfagleg oppfølging i heimen.
     
  • Du som bur heime, men som har hatt brått eller gradvis fall i funksjonsevne og som ynsker å oppnå eit betre funksjonsnivå. Dette kan vere til dømes innan personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.
     
  • Du som er motivert for å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad.

 

Kva gjer vi?

  • Kartlegging: Heimebesøk med to frå teamet der ein har ein samtale med fokus på kva som er viktig for deg å meistre i din kvardag. Saman set vi konkrete mål for kva du vil meistre.
  • Innsats: Innsatsen består i hovudsak av trening i daglege gjeremål. Vi sett opp ein plan over kva vi skal trene på i ein tidsavgrensa periode.
  • Avslutning: Etter endt treningsperiode oppsummerar vi perioden og tek utgangspunkt i måla du satte ved oppstart. Etter dette legg vi ein plan for vegen vidare.

 

Kva forventar vi av deg?
Vi forventar at du kan vere med å formulerer egne mål, forstår rettleiing og er motivert til å gjere ein ekstra innsats for å nå dei måla som vi saman har sett opp.

Korleis søke?
Brukar, pårørande eller helsepersonell kan ta kontakt direkte med teamet. Kontaktinfo øverst på denne sida.

 

  

Kontakt

Rebecca Ringdal
Ergoterapeut
46411077
Trine Knudsen
Fysioterapeut
46411173
Astrid Helene Ringdal
Fagleiar i heimetenesta
46411156