Voksenvaksinasjonsprogrammet (Influensa-, korona- og pneumokokkvaksine hausten 2025)

Vaksinasjon av risikogrupper mot influensa og korona, samt pneumokokkvaksinasjon av 65-åringar vil frå i haust være del av Voksenvaksinasjonsprogrammet. 


Programmet dekkjer:

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper
  • Årleg vaksine mot covid-19 til personar som har fylt  eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper. FHI si anbefaling om oppfriskingsdose gjeld dei som er 75 år og eldre samt barn og vaksne i risikogrupper, men alle mellom 65-74 år kan likevel få vaksine gjennom Voksenvaksinasjonsprogrammet om dei sjølv ønsker
  • Vaksine mot pneumokokkinfeksjon til personar fødd i 1960 eller seinare frå det kalenderåret dei fyller 65 år.

 

Folkehelseinstituttet definerer risikogruppene og det vil i tillegg bli laga ei ordning for påminning for dei som er anbefalt vaksine ut frå alder. Sjå informasjon om risikogrupper nedst i artikkelen.

Vaksinering i bygdelaga vil bli gjennomført i veke 42, 43 og 44. Influensa-, korona- og pneumokokkvaksina kan takast samtidig. 

Du treng ikkje å bestille time (berre drop-in).


Hellesylt
Fellesrom ved Sunnylven omsorgssenter
Mandag 13. oktober kl. 09.30-11.30
    
Stranda
Storfjord Kulturhus (hovudinngang)
Tirsdag 28. oktober kl.13.00 -17.00

Liabygda
Trollstova 
Måndag 20. oktober kl.13.00 -15.00
    
Geiranger
Legekontoret
Onsdag 22. oktober kl. 10.00-12.00

Prisar på vaksinasjonsdagen (Vipps eller kontant betaling):

VaksinePris
Influensavaksine (Vaxigrip)300,00
Koronavaksine (Comirnaty LP.8.1)110,00 / 85,00*
Pneumokokkvaksine (Prevanar)** 110,00 / 85,00*

*Redusert pris om du tar den samtidig med andre vaksiner i programmet
** Alle i risikogruppa som ikkje er fødd i 1960 og som ynskjer pneumokokkvaksine må ta kontakt med legekontoret for bestilling

 

Følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader samt dei med stort pleiebehov i regi heimetenestene.
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    o    kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
    o    kronisk hjarte- og karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
    o    diabetes
    o    kronisk alvorleg leversjukdom
    o    kronisk nyresjukdom
    o    kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller
    hostekraft, for eksempel ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
    o    nedsett immunforsvar grunna sjukdom og/eller immundempande behandling, ved for eksempel organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
    o    fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35kg/m2 eller høgare
    o    annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (for eksempel Downs syndrom) og genetiske sjukdommar


I tillegg bør helsepersonell og tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie, personar som bur saman med pasientar med svekka immunforsvar (sjå ovanfor) samt svinerøktarar ta influensavaksine, primært for å beskytte andre (indirekte skydd).

Følgande risikogruppe bør ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine:

  • Personar i sjukeheim og omsorgsbolig samt dei med stort pleiebehov i regi heimetenestene.
  • Aldersgruppa 75 år og eldre
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Aldersgruppa 6 månadar – 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter vurdering
  • Aldersgruppa 18-74 år som inngår i ei risikogruppe
    o    kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
    o    kronisk hjarte- og karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
    o    diabetes
    o    kronisk alvorleg leversjukdom
    o    kronisk nyresjukdom
    o    kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, for eksempel ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
    o    nedsett immunforsvar grunna sjukdom og/eller immundempande behandling, ved for eksempel organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
    o    fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35kg/m2 eller høgare
    o    annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (for eksempel Downs syndrom) og genetiske sjukdommar

 

OBS! Influensavaksine til dei på sjukeheim, omsorgsbolig og dei med omfattande pleiebehov i regi heimetenesta er annleis og krev minimum 7 dagar intervall mellom vaksinering.


For meir informasjon sjå Folkehelseinstituttet sine informasjonssider: