Meistringsteam - Psykisk helse og rus - Vaksne

Kva er meistringsteamet?
  • Meistringsteamet er eit kommunalt tilbod med fokus på psykisk helse og rus blant vaksne. 
  • Meistring, myndiggjering, tilhørigheit og identitet er viktige verdiar i arbeidet vårt. 
  • Vår jobb kan foregå i samarbeid med andre relevante instansar.
Kva tilbyr vi
  • Avgrensa kartleggingssamtale for å vurdere behov for oppfølging. Når vi mottek henvisning/søknad vil du få tilbakemelding med tidspunkt for kartleggingssamtale.
  • Samtaletilbod for personar med lettare og moderate psykiske vanskar, for eksempel angst og depresjon.
  • Støttesamtalar for vaksne med reaksjonar på livsbelastningar.
  • Gruppetilbod (meir informasjon om dette kjem).
     
Korleis kome i kontakt?

•Du kan sende ein skrifteleg søknad til Psykisk helseteam. Adresse: Øyna 15, 6200 Stranda. Merk konvolutt med «Meistringsteam for vaksne, Stranda». Eller ring Servicekontoret 70 26 80 00

•Legetenesta kan sende henvisning

•Dersom det er behov for akutt hjelp ring 116 117

•Om det er fare for liv ring 113

Sjølvhjelpssider

Kognitiv.no
På kognitiv.no finn du sjølvhjelpsvideoar knytt til ulike typar angst, depresjon og grubletankar.

Helsenorge.no
Her finn du oversikt over ulike verktøy som kan passe deg, for eksempel:
- Grubl appen og Tankevirus. For deg som ønskar å bruke mindre tid og energi på grubling.
- Sjølvhjelpsvideoar mot depresjon, panikkangst og sosial angst.

Mental helse, tlf. 116 123.
Mental helse er ei døgnåpen telefon og chat-teneste for deg som ønskar å ha nokon å snakke med.

Selvhjelp.no
Nasjonalt kompetansemiljø for sjølvorganisert sjølvhjelp tilbyr blant anna gratis e-læringkurs. Du må opprette ein bruker for å få tilgang til kursportalen.