BARNEVERNVAKT TELEFONNUMMER: 412 84 400
BARNEVERNVAKTA SI ORGANISERING:
Barnevernvakta er eit samarbeid mellom kommunane Giske, Sula, Sykkylven og Stranda som er likeverdige partar utan ein vertskommune.
BARNEVERNVAKTA SITT FORMÅL:
Barneverntenesta skal «sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid», jf. Barnevernloven § 1-1. Barnevernvakta er barneverntenesta si akuttberedskap utanom ordinær arbeidstid i tidsrommet mellom kl. 15:30-08:00 på kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider. Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag.
BARNEVERNVAKTA SINE OPPGÅVER:
Barnevernvakta tek imot akutte henvendingar på telefon frå private personar og offentlege instansar som er akutt bekymra for barn og unge som oppheld seg i dei respektive kommunane.
Informasjon, råd og rettleiing på telefon
Barnevernvakta skal bistå med å løyse den akutte situasjonen og vurdere å kontakte andre instansar ved behov. Avklar følgjande:
-
Oppheld barnet seg i ein av dei kommunane som inngår i samarbeidet?
-
Er det akutt? Kor lenge, kor alvorlig?
-
Kan det vente til ordinær arbeidstid?
-
Kva er godt nok akkurat no?
-
Er det andre tryggheitspersonar for barnet som kan hjelpe?
Kva er minst belastande for barnet?