Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kvar er bustøttekontoret i kommunen?

Stranda kommune, besøksadresse: Sosialtenesta inngang NAV Stranda, Øyna 13,
telefonnummer: 70 26 80 00

Sjekk om du kan få bustøtte
lenke til https://husbanken.no/person/bostotte/kan-jeg-faa-bostotte/  
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte
lenke til https://husbanken.no/person/bostotte/ 
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

 

Meld frå om endringar
lenke til
https://www.husbanken.no/person/bostotte/meld-fra-om-endringer/
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

 

Klage på vedtak om bustøtte
lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ 

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.  

 

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/). Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Link til informasjonsfilm


Regelverk