Husbanken

Bustøtte
Kontaktperson: Hanne Hove

Ved svak økonomi kan ein søke bustøtte for å få hjelp til bu-utgifter. Bustøtte er behovsprøvd ut frå forholda mellom bu-utgifter og husstanden si samla inntekt og det blir stilt krav til både husstand og bustad.

Startlån/Utbetringslån
Kontaktperson: Aina Holmberg

Ordninga er behovsprøvd og skal i første rekke gå til funksjonshemma, unge i etableringsfasen, vanskelegstilte husstandar, flyktningar og opphald på humanitært grunnlag.

Utbetringstilskot
Kontaktperson: Aina Holmberg

Midlane skal nyttast til nødvendig utbetring av bustad for funksjonshemma og eldre over 60 år.

Lover
Retningsliner for tildeling av etableringslån i Stranda kommune frå 23.04.2003
Bustønad – Husbanken sine retningsliner

Kostnad
Tinglysingsavgift ved innvilga etableringslån/utbetringslån.


Korleis søke

Bustøtte:
Søk bustøtte - lenkje til https://husbanken.no/person/bostotte/kan-jeg-faa-bostotte/
Papirsøknader skal du sende til Stranda kommune, sosialtenesta, Øyna 13, 6200 Stranda

Startlån:
Ingen søknadsfrist. Behandlingstid 2-3 mnd etter søknadsfrist.

Søknadsskjema
Søknadsskjema og dokumentasjonsliste får ein ved å vende seg til servicekontoret i kommunen.
Sjå Husbanken sine heimesider. Her kan du bl.a. rekne ut bostøtta di sjølv og finne søknadsskjemaer til lån.

Kontakt

Aina Holmberg
Einingsleiar
46411065