Parkering for forflytningshemma

Parkeringsløyve for forflytningshemma vert tildelt bilførar eller passasjer som har særleg behov for parkeringslettelser knytta til bustad, arbeid og anna aktivitet fordi personen har vanskar med å gå.

Det er Stranda kommune som gjer vedtak etter regelverk fastsatt i «Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede»,

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-03-18-264?q=forskrift%20om%20parkeringstillatelse

§ 1. Formål: «Formålet med denne forskriften er å gi forflytningshemmede med et reelt behov for parkeringslette et tilgjengelig parkeringstilbud.»

Søknad skal sendast:
Sosialtenesta i Stranda, Øyna 13, 6200 Stranda.
Søknadsskjema og veiledning får du ved Servicekontoret i Stranda, tlf. 70268000
Vedlegg til søknaden: Legeerklæring.

Søknader blir handsama fortløpande. Klagefristen er 3 veker. Klagen skal du sende til: Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda

 

Parkeringsbevis:
Eit personleg bevis med namn og bilde av den forflytningshemma.

Det blir oppretta eit sentralt register over parkeringsbevis. Vegdirektoratet er ansvarleg for å opprette registeret innen 1. januar 2018

Kvar finn ein ansvarlege for Parkeringsløyve for forflytningshemma i  Stranda kommune:
Besøksadresse:   Sosialtenesta,   Øynagården 2.etg.,  inngang   NAV Stranda.
Telefon: 70 26 80 00

Sjå også:

https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/parkering/parkeringstillatelse-for-forflytningshemmede/

http://www.nhf.no/rettigheter/parkeringstillatelse