Kva er transporttenesta for funksjonshemma? TT-kort
Transporttenesta for funksjonshemma er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming, og som har vanskar med å nytte seg av kollektive transportmiddel. Transporten blir utført av ordinære drosjer.
Eit TT-kort er eit elektronisk reisekort som er knytta opp mot ein personleg reisekonto som blir fylt opp med eit bestemt beløp den 1. januar og 1. juli kvart år. Saldo på kortet blir nullstilt ein gong i året – 1. januar. TT-kort skal nyttast til fritidsreiser, dvs. reiser som ikkje er dekt av andre. Sjå meir om dette i retningslinene.
Meir informasjon om kortet her.
Søknad skal sendast: Sosialtenesta i Stranda, Øyna 13, 6200 Stranda.
Link til søknadsskjema og veiledning finn du oppe på sida, eller ved Servicekontoret i Stranda, tlf. 70268000
Vedlegg til søknaden: Legeerklæring.
Det er Stranda kommune som fatter vedtak etter Retningsliner for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal,
sjå https://mrfylke.no/veg-og-kollektiv/tt-ordninga eller du kan be om å få tilsendt retningslinene frå kommunen.
Søknader blir handsama fortløpande. Klagefristen er 3 veker. Klagen skal du sende til: Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda
Tap av kort eller skade på kort:
Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal dette meldast inn snarast mogleg ved å ringe 35 58 60 40. Gammalt kort vil då bli sperra og du vil få tilsendt nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta din brukarkonto.
Sjå også: https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/tt-kort