Strandahallen blir i første rekke leigd ut til trening og arrangement av idrettsleg art, og til andre arrangement av sosial og kulturell art. Kvart lag/gruppe skal ha minst ein leiar/instruktør som har ansvaret for at ordensreglane vert haldne. Sjå ordensreglar i gjeldande reglement.
Leige av Strandahallen i helg, garderobar, arrangement/stemner o.a. vert regulert av satsane som til ein kvar tid er fastsett av kommunestyret. Reglementet for utleige er vedteke av helse- og oppvekstutvalet 11.12.2013.
Søknad om treningstider
For faste treningstider på ettermiddag og kveldstid, er det søknadsfrist 1. september. Frå hausten 2020 blir treningstider fordelt for heile skuleåret.
Søknad om faste treningstider i Strandahallen og/eller gymsalen på Ringstad skule gjerast via eiget skjema. For leige av andre gymsalar i kommunen, ta direkte kontakt med skulen.
Covid-19: Alle særforbunda har utarbeida smittevernrettleiarar som idrettslaga må forhalde seg til (sjå lenke til idrettsforbundet si informasjonsside). Alle som søkjer om treningstider må dokumentere kva smitteverntiltak dei vil gjennomføre i samband med treningane. Kommunen har eit elektronisk skjema som kan nyttast til dette. NB! Idrettslaga er ansvarlege for å sikre at trenarane og spelarane er kjend med tiltaka som gjeld for sin idrett.
Kontaktinformasjon
For bruk av Strandahallen i helg eller ved andre spørsmål, ta kontakt med einingsleiar kultur og fritid Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller per e-post eliops@stranda.kommune.no.