Retningsliner for tilskot til kulturformål i Stranda kommune

 

 1. Formål

Desse retningslinene regulerer tilskot frå Stranda kommune til kulturarbeid i kommunen. Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturtiltak i regi av einskildpersonar og organisasjonane.

 

2. Tilskotsmottakarar

Stranda kommune kan etter søknad gje tilskot til friviljuge lag og organisasjonar og einskildpersonar. Søkjaren skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller arbeidet skal vere retta mot innbyggjarane i kommunen.

Organisasjonar som søkjer om tilskot skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Organisasjonane må ikkje ha som mål å fremje eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser.

Søkjarane skal i regelen ha kulturarbeid som hovudelement i sin formålsparagraf. Tilskot kan gjevast til andre søkjarar om ein vurderer tiltaket som spesielt viktig for kulturlivet i kommunen.

Kommunen vil ikkje gje tilskot til organisasjonar som har som hovudoppgåve å samle inn pengar for å gje dette vidare til ulike formål, sjølv om dette gjeld kulturformål.

 

3. Tilskotstypar

Ein gjev følgjande type tilskot:

a) Driftstilskot til organisasjonar som driv idrett, musikk, anna ungdomsarbeid og andre kulturformål

b) Tilskot til særskilde tiltak (prosjekt)

c) Tilskot/underskotsgaranti til konsertar og musikktilstellingar

d) Tilskot/underskotsgaranti til arrangement

Driftstilskot til idrettsaktivitet, musikk og ungdom vert gjeve til organisasjonar som har høvesvis idrettsaktivitet, musikk og ungdomsarbeid som si hovudmålsetjing.

Tilskot til særskilde tiltak vert gjeve til avgrensa tiltak som er skipa til av organisasjonar og/eller einskildpersonar. Dei som får tilskot skal sende inn rekneskap for prosjektet når dette er avslutta.

Tilskot til konsertar og musikktilstellingar vert gjeve til organisasjonar eller einskildpersonar som er arrangørar for større konsertar og/eller musikktilstellingar med nasjonale artistar og/eller samlar deltakarar frå heile landsdelen. 

Tilskot til arrangement vert gjeve til organisasjonar eller einskildpersonar som er arrangør for større arrangement som samlar publikum eller deltakarar frå heile landsdelen.

 

4. Handsaming av søknadane

Søknader om driftstilskott under pkt. a) skal innleverast elektronisk med å fylle ut skjema på Stranda kommune si heimeside. Søkjarane må sende inn rekneskap, årsmelding, budsjett og medlemsliste  saman med søknaden. Søknader som ikkje har med dette vert ikkje handsama.

Driftstilskot til idrettsorganisasjonar vert fordelt av Idrettsrådet.

Driftstilskot til ungdomsorganisasjonar, musikkorganisasjonar, andre kulturformål og tilskot til særskilde tiltak vert handsama i Helse-, oppvekst og kulturutvalet (HOK).

Ved tildeling av driftstilskot vil ein leggje vekt på aktivitet, om laget har verksemd i fleire bygdelag, medlemstal, og økonomi.

Søknadsfrist er 1. mai kvart år.

Kunngjering vert gjort i lokalavis og på heimesida til Stranda kommune.

Tilskot til særskilde tiltak
Søknad om tilskot til særskilde tiltak skal innehalde: utgreiing om tiltaket med formål, kven som skipar til tiltaket, budsjett og framdriftsplan.

Søknadsfrist er 1. mai kvart år.

Kunngjering vert gjort i lokalavisa og på heimesida til Stranda kommune.

Tilskot/underskotsgaranti til konsertar og musikktilstellingar

Søknad om tilskot/underskotsgaranti til konsertar og musikktilstellingar skal innehalde: utgreiing om kva slag konsert/tilstelling det er, kven som skipar til tiltaket, kva musikarar og artistar som skal delta, budsjett og framdriftsplan. Fell arrangement inn under reglane for tilskot frå Rikskonsertane er det ein føresetnad at det vert søkt om støtte hjå desse.

Søknadsfrist seks veker før arrangementet.

Tilskot/underskotsgaranti til arrangement

Søknad om tilskot/underskotsgaranti til arrangement skal innehalde: utgreiing om kva slag arrangement det er, kven som skipar til tiltaket, kven som skal delta, forventa deltakartal, budsjett og framdriftsplan.

Søknadsfrist seks veker før arrangementet.

 

5. Spesielle vilkår

HOK kan gjere vedtak om at andre søkjarar og/eller tiltak enn dei som kjem inn under desse retningslinene kan få tilskot. HOK må i slike høve vurdere om det ligg føre særskilde grunnar for at ein skal gje tilskot.

 

6. Iverksetjing/endring

HOK kan til ei kvar tid gjere endringar i retningslinene etter dei omsyn som må takast i høve til budsjettrammer, organisatoriske og praktiske tilhøve og løysingar i det daglege arbeidet med handsaming av søknader om tilskot.