Stranda Energi sin talentpris

Talentprisen skal heidre unge kulturutøvarar og er gje dei inspirasjon til vidare aktivitet. 

I 2018 vart det vedteke å ta opp att tradisjonen med å dele ut ein årleg pris til unge talent i Stranda kommune.

Prisen er på kr. 10.000 og er sponsa av Stranda Energi AS. 

 

Vedtak 019/18 Helse og oppvekstkomiteen:

1. Stranda Energi sin talentpris på kr 10 000,- skal delast ut til born/ungdom som utmerkar seg med eit spesielt talent eller viser spesiell dugleik. For å bli kandidat må ein ha synt at ein fortener karakteristikken lovande innan sitt felt. Lovande innan kulturfeltet som song, musikk, teater, litteratur, biletkunst, dans, idrett, kulturvern, lokalhistorie osb. Ein kan ikkje få prisen meir enn ein gong.


2. Utøvaren bør vere under 20 år og bu eller vere oppvaksen i Stranda kommune.


3. Det vert sett ned ein komite som gjer vedtak om prisen skal delast ut og kven som får den. Komiteen skal vere samansett av ein person frå kvart av dei fire bygdelaga i kommunen og leiar av HOK. Rådmannen får delegert mynde til å utnemne komitemedlemar frå bygdelaga. HOK-leiaren orienterar HOK om innstillinga til komiteen.


4. Frist for innmelding av kandidatar vert sett til 31. januar kvart år. Prisen gjeld då for året som har vore.

 

Innmelding av kandidatar

Forslag med grunngjeving av kandidatar sendast til post@stranda.kommune.no. Merk søknaden med "Talentpris [år]". 

Kontakt kulturleiar Elisabeth A. Opsvik på tlf. 464 11 054 eller e-post eliops@stranda.kommune.no om du har spørsmål.