Følgjekort (ledsagerbevis)

Har du fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting kan du få eit følgjekort (ledsagerbevis) som gir gratis adgang for den personen som følgjer deg til ulike arrangement. 

Følgjekortet (ledsagerbeviset) gir deg rett til å ha med følgje (ein person) som slepp å betale for billetten sin på t.d. kultur- og fritidsarrangement eller offentleg transport.

Formål

Formålet med ordninga er å førebyggje isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten. Følgjekort blir tildelt uavhengig av søkjar sin økonomi eller livssituasjon.

Krav til søkjar 

  • Fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år
  • Eit bilete av nyare dato og god kvalitet må leggjast ved søknaden
  • Du må legge ved uttale/dokumentasjon frå anten ein kontaktperson i kommunen/spesialist/lege/offentlig helse- og sosialetat på at du har behov for ein eller fleire følgjarar for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Det er ingen øvre aldersgrense for å få utskrive eit følgjekort, medan nedre aldersgrense er normalt 6 år 

Bruk

Den som er eigar av kortet betaler sjølv billett, medan den som er med som følgje, ofte går inn gratis. Men merk at det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ønskjer å gi. Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong. Vedkomande kan vere ein i familien, venner, eller personalet dersom ein bur i ein bemanna bustad.

I Stranda kommune og nærområda kan følgjekort nyttast på følgjande plassar (lista er ikkje uttømmande, og vil bli oppdatert): 

  • Svømmebassenget ved Stranda Hotell
  • Strandafjellet skisenter (ein må møte i luka, vise ledsagerbeviset for å få kjøpt billett - ikkje mogleg å få kjøpt online)
  • Kamelonen
  • Storfjord kulturhus - Kinoen godtek ledsagerbevis. 
  • Bygdekinoane
  • Velledalen svømmhall 

Om du ser noko som manglar inne på lista, er det fint om du sender ein e-post til: sissel.hansen@stranda.kommune.no, så får vi supplert. 

I Ålesund kommune er det laga følgjande oversikt: Oversikt over stader/reiseselskap i Ålesund som godtek følgjekortordninga finn du her (PDF, 181 kB).

Pris

Det er gratis å få følgjekort. Mistar du kortet, må du betale kroner 60,- for å få laga eit nytt.

Slik søkjar du

Søknadsskjemaet kan lastast ned her. (PDF, 68 kB)

Ønskjer du å få tilsendt søknadsskjema, ta kontakt med servicekontoret på telefon: 70 26 80 00. Skjemaet kan også hentast på servicekontoret (rådhuset). Det vil om kort tid bli høve til å sende elektronisk søknad. 

Det er ikkje søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Varigheit på kortet

For barn vil kortet normalt bli utstedt for tre år i gangen. For vaksne vil kortet normalt bli utstedt for 4 år i gangen.

Kortet er landsdekkande

Det er kommunen som behandlar søknaden og lager til kort, men følgjekortet kan nyttast på arrangement, kulturinstitusjonar og transportselskap som aksepterer ordninga i heile landet. Du kan ta direkte kontakt med den enkelte arrangør eller verksemd for å høyre om dei aksepterer følgjekort.

Klage

Om du meiner noko i avslaget er feil, kan du i høve Forvaltningslova § 28, 2. ledd, klage på vedtaket. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg, grunngjeven og underteikna.

Klagen skal sendast til Stranda kommune, eining for habilitering/rehabilitering, Øyna 13, 6200 Stranda.