Felles søknadsskjema til alle barnehagane

Barnehage legoleikBruk vårt elektroniske skjema for å søke plass i både dei kommunale og dei private barnehagene i Stranda. Ta kontakt med Servicekontoret dersom du ikkje har mulegheit  til å nytte den elektroniske søknaden. Utfyllande veiledning om søknadsskjemaet. (PDF, 702 kB)

 

Foreldre har anledning til å prioritere fire -4- barnehagar i sin søknad.

Søknadsfrist til hovudopptak er 1. mars kvart år.

Husk at du må søke på nytt til neste hovudopptak om du ikkje har fått plass i løpet av året, eller dersom du har takka nei til eit tilbod.

Bytte barnehage

Dersom du ønsker å bytte barnehage må du sende inn ein ny søknad.

Søknadar om overflytting blir behandla etter same opptakskriterie som nye søknadar.

Ved ønske om overflytting utanom hovedopptak , gjeld oppseiingstid i høve vedtektene i den barnehagen ein  flyttar frå

Samorda opptak

Alle barnehagane i Stranda samarbeider om opptaket .

Rett til barnehageplass

Barn som søker til hovudopptaket med frist 1.mars og fyller ett år innen utgangen av august same år, har rett til eit tilbod om plass i  kommunen. Barn som fyller ett år i september, oktober og november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad til hovudopptaket rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller ett år(sjå barnehagelovens §12a). Barnet må ha bustad i Stranda for å ha rett til plass.

Supplerande opptak

Når søknadsfrist for hovudopptaket er over, blir alle søknadar registrert fortløpande og behandla etterkvart som barnehagane evt  får ledig plass. Det vert ikkje sendt ut avslagsbrev utanom hovudopptaket. Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagar regulerar dette.

Opptakskriterie

Kommunale barnehager har felles opptakskriterie, og hele kommunen er opptakskrets. Dei private barnehagane har opptakskriterie som er heimla i den enkelte barnehagen sine vedtekter. Desse kan skille seg noko frå kommunale vedtekter.

Etter  barnehagelovens § 13 skal alle barnehagar ved opptak prioritere barn som har nedsett funksjonsevne eller vedtak etter barnevernsloven.

For å sikre ei god  og rett behandling av søknadane, er barnehagane avhengig av at opplysningane på søknaden er av ny dato.

For å vere med i hovudopptaket må barnet vere busett i kommunen august same år. Det må vere oppgitt tilflyttingsadresse  på søknadsskjema. Flyttemelding må ettersendast.

Opptakskriterier for kommunale barnehager

Vedtekter for dei kommunale barnehagane inneheld opptakskriterie for dei kommunale barnehagane.

Barn med rett til barnehageplass som ikkje får sitt første val  av barnehage oppfylt, har rett til å stå på venteliste.

Endre søknaden

Dersom du vil endre på søknaden må du legge inn ein ny søknad elektronisk.

OBS! I saksbehandlingstida for hovudopptak 1. mars - 1. mai er det ikkje mogleg å omprioritere barnehagar.

Dersom du sender inn søknad på nytt etter fristen 1. mars vil denne erstatte tidligare innsendt søknad. Den vil bli lagra som innkomen etter fristen og då gå til det supplerande opptaket.

Svar på søknaden

Tilbod om barnehageplass vert sendt ut i perioden medio mars til mai. Avslag vert sendt ut i same periode. Oppstart i barnehagane er vanlegvis etter ferieavvikling i august. (etter fellesferien)

Alle som får tildelt plass kan rekne denne som fast fram til fellesferien det året barnet fyller 6 år.

Klage

Klagefrist ved hovudopptaket er 3 veker etter mottatt avslag eller alternativt tilbod utanom 1. eller 2.val på søknaden.

Tildeling av barnehageplasser er heimla i barnehageloven med forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehager.

Utanom hovudopptak er det klagerett ved avslag for søkarar med prioritet etter barnehageloven §13.