Helstad barnehageHelstad barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i Strandadalen to minutt i frå Svemorka industriområdet. Publisert avIntraadministrator Publisert16.09.2019 09.34 Barnehagen har eit stort uteområdet med blant anna eigen ballbinge, stor hage, mykje plass til sykling og andre aktivitetar. Barnehagen har 42 plassar som er fordelt på to avdelingar. Raudrevane (småbarn) og Blårevane (storbarn). Alder på barna er frå 11mnd-6 år. Barnehagen leiger eit utmarksområde som vi kan gå til eller trille når dei minste er med. Denne innegjerda plassen heiter ”Lempen”. Her har vi gapahuk, grue, benkar og bord. Dette er ein fantastisk boltreplass for store og små i barnehagen. Frå august 2020 får Helstad barnehage nye opningstider: 06:45 til 16:15.