Helsestasjon for ungdom

HFU er eit lavterskeltilbod i tillegg til skulehelsetenesta. Her møter du lege. Du kan ta kontakt på HFU om fysisk- og mental helse, eller om du har andre spørsmål knytta til din livssituasjon. Du får hjelp og rettleiing om prevensjon, graviditet, seksuelt overførbare sjukdomar, seksualitet, psykiske og sosiale problem, vold og overgrep og bruk av alkohol, tobakk og narkotika.

HFU på helsestasjonen 1. etg. inngang B (Øyna 13) er open onsdagar i skuleåret frå kl 13:30 – 15.30 
(gjeld frå 26.02.24)

HFU er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 13-20 år. Det er ikkje nødvendig å bestille time, du kan kome på drop-in.

Du er velkomen til å ta kontakt uansett kva som opptek deg! Husk, vi har taushetsplikt!

 

Nyttige telefonar og lenker:

Alarmtelefon for barn og unge    116 111 (1500 – 0800. Døgnopen, også  helger og på heilagdagar)
Ungdomstelefonen400 00 777 (Søndag – torsdag kl: 18:00 – 22:00)
Mental helse hjelpetelefon         116 123  (Døgnopen)
Kirkens SOS                                    224 00 040  (Døgnopen)

 

http://www.helsedirektoratet.no/

http://www.ung.no/

https://ungdomstelefonen.no/

http://www.sexogsamfunn.no/

http://www.slettmeg.no/