Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991-1996

 

Alle kvinner født 1991-1996 får frå november 2016 tilbud om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine).  Vaksinen anbefalast  til unge kvinner fordi den førebygger  livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft på grunn av HPV-infeksjon. 

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verden. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft.
Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 dør av sjukdommen.
Vaksina kan gje beskyttelse sjølv om man har debutert seksuelt.  

  • Jenter født i 1997 og seinare har fått tilbud om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Kvinner som er fødd i 1997 og seinare, som tidlegare har takka nei  i 7. klasse, får no nytt tilbud om vaksinasjon.  

Det er  gledeleg at fleire unge kvinner no får dette tilbudet, seier Gudrun Lind, leiande helsesøster, ved Stranda helsestasjon.

Tilbudet er mellombels og varer i ei toårsperiode frå november 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 måneder og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.
Unge kvinner i målgruppa kan melde seg på ved å ta kontakt med
Stranda legekontor tlf. 70 26 81 20.