Sidan 1976 har Stranda kulturskule vore ein viktig arena for opplæring av barn og unge innan ulike musikksjangrar og instrument. Skulen legg vekt på eit breitt og variert tilbod som inkluderer song, dans, biletfag og teater.
Vidareutvikling av dagens fagtilbod og fokus på samspel er sentrale satsingsområde. Med om lag 200 elevplassar og ansvar for opplæringa i skulekorpsa på Stranda og i Sunnylven, er kulturskulen ein sentral del av det lokale kulturlivet.
Opptak til kulturskulen
I utgangspunktet kan alle innbyggjarane i kommunen søke om opptak, men barn og unge mellom 6-99 år er hovudmålgruppa. Vi kan ikkje garantere at alle som søker får plass, men skulen operer med venteliste. Barn og unge som har søkt i fleire år har fortrinnsrett.
For å søkje om opptak nytter ein Stranda kulturskule sin portal på speedamin.
Retningsliner for opptak gjeldande for Stranda kulturskule finn de som PDF-dokument på denne sida, eller ved å vende seg til servicekontoret.
Eksisterande eller tidlegare elevar som vil søkje om opptak på eit nytt fag, må logge seg på med brukarnamn/passord som de har fått tilsendt. Nye søkjarar brukar valet “Ny Elev” når de skal søkje.
På det elektroniske søknadsskjemaet finn de detaljert informasjon om dei ulike tilboda i Stranda Kulturskule. Denne informasjonen er også tilgjengeleg på engelsk.
Søknadsfrist
Kulturskulen har hovudopptak i august. Søknadsfrist er i mai kvart år.
Sjå kulturskulen sin facebookside for oppdatert informasjon om søknadsfristar.