Stranda PPTPedagogisk Psykologisk teneste (PP-tenesta) er Stranda kommune sin rådgivande og sakkunnige instans når det gjeld utvikling, læring og trivsel for barn under skolepliktig alder og elevar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. PP-tenesta hjelper også vaksne med behov for grunnskoleopplæring. Arbeidet til PP- tenesta er heimla i opplæringslova (oppll.). PP-tenesta er ein fagleg ressurs for barnehagar/skolar for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar med særskilde behov.Lenke til rettleiar spesialpedagogisk hjelpLenke til individuell tilretteleggingStranda PPT er ei kommunal teneste som også Møre og Romsdal fylke kjøper tenester frå, til vidaregåande opplæring på Stranda vgs og Vestborg vgs, til lærlingar og lærekandidatar.PP-tenesta har teieplikt. Opplysningar om barnet/eleven er unnatekne det offentlege, og blir ikkje gitt vidare utan at foreldra har godteke det. Informasjon om barnet/eleven skal oppbevarast i ein eigen journal/ei eiga mappe etter retningslinjer frå Datatilsynet.Du kan kontakte skolen, barnehagen, helsestasjonen eller PPT for å få hjelp med tilvisninga.Tilvisingane vert behandla fortløpande. Tenesta er gratis. PPT skjema for tilvisingTittel Type Storleik Skjema for tilvising til PPT Stranda, sakkunnig vurdering grunnskuleDOCX40 kBSkjema for tilvising til PPT Stranda, sakkunnig vurdering barnehageDOCX39 kBSkjema for tivising til PPT Stranda, systemarbeid i barnehage og grunnskuleDOCX44 kBSkjema for tilvising PPT Stranda, råd, rettleiing og uttale i grunnskuleDOCX41 kBSkjema for tilvising til PPT Stranda, råd og rettleiing i barnehageDOCX39 kBKontaktinfo:Stranda PPTPostadresse: Øyna 13, 6200 StrandaDigital adresse: 874618012Besøksadresse: Stranda, Øynagården (tidlegare NAV)