Hjelpemiddel

Kven kan få tilbod? 

Dersom du opplever vanskar med å meistre kvardagen på grunn av funksjonstap kan du ha rett til hjelpemiddel frå NAV. Ved varig behov(over to år) kan ergoterapeut, fysioterapeut eller hjelpemiddelansvarlig bistå deg i å søke om det hjelpemiddelet du trenger. Dette kan vere hjelpemiddel til bruk i heimen, skule, arbeidsplass. Har du behov for små hjelpemidler som ikkje er ein del av sortimentet til hjelpemiddelsentralen, kan du få hjelp til å søke om eit økonomisk tilskudd frå NAV.  

Ta kontakt med ergoterapeut, fysioterapeut eller hjelpemiddelansvarlig for å få kartlagt ditt behov, slik at de saman kan finne løysinga som vil passe deg best.  

Er behovet ditt for hjelpemiddel kortvarig, har kommunen kommunalt lager.  
 

Kommunalt lager har blant anna: 

Toalettforhøgar 
Dusjkrakk/ dusjstol
Rullator
Manuell rullestol 

Synskontakt: Rebecca Ringdal - ergoterapeut – sjå kontaktinfo på sida
Hørselskontakt: Karl Møller Gjerde – hjelpemiddelansvarlig – sjå kontaktinfo på sida

Kva kostar det? 
Tenesta er gratis. 

Levering og henting av hjelpemiddel 
Alle hjelpemiddel blir levert til Stranda omsorgssenter. Hjelpemiddelansvarlig eller ressurspersonar i kommunen kjører så  ut hjelpemiddelet og monterar opp ved behov. 

Innlevering 
Har du ikkje behov for hjelpemiddelet lenger, skal du enten levere det til Stranda omsorgssenter, eller kontakte hjelpemiddelansvarlig for avtale om henting. Dette gjelder større hjelpemidler.  

Kontakt

Rebecca Ringdal
Ergoterapeut
46411077
Abegail Helland
Fysioterapeut
464 11 173
Karl Møller Gjerde
Hjelpemiddelansvarleg
46411158