Under eininga Stranda distrikt ligg Stranda omsorgssenter med følgjande avdelingar:
Sjukeheimen (5 bugrupper)
Heimetenestene, inkludert Liabygda, Dalane og Egga omsorgsbustader
Solbakken omsorgsbustader
Dagsenteret
Houvdkjøkken
Hjelpemiddel
Stranda omsorgssenter
Avdeling sjukeheimen
Sjukeheimen har 38 institusjonsrom.
Avdeling for somatikk har 14 plassar fordelt på 2 bugrupper, avdeling "Skageflå" og "Skura".
Avdeling for demens har 16 plassar fordelt på 2 bugrupper, avdeling "Mona" og "Ura".
Avdeling for korttid og rehabilitering har 8 plassar, avdeling "Låna". Ei av desse er reservert til akutt plass, kalt KAD-rom (kommunal akutt døgnplass).
Avdeling heimetenestene
Under heimetenestene ligg heimesjukepleie i Stranda tettstad og Liabygda.
Dalane ubemanna omsorgsbustadar består av 8 leilegheiter med eigen balkong. Bustadane har inngang frå hovudinngangen til omsorgssenteret.
Egga er ubemanna omsorgsbustader.
Liabygda omsorgsbustadar ligg i Langemyrvegen 10. Dette er ubemanna omsorgsbustadar.
Avdeling Solbakken omsorgsbustadar
Solbakken omsorgsbustadar ligg i Movegen 71.
Dette er omsorgsbustadar med heildøgns bemanning.
Dagsenter
Dagsenteret er eit tilbod til heimebuande eldre og til personar med demens. Det vert lagt vekt på godt samvær gjennom aktivitet, tryggleik og trivsel.
Hovudkjøkken
Kjøkkenet er plassert sentralt i omsorgssenteret og er hovudkjøkken for produksjon av mat etter kok/kjøl metoden for heile kommunen.
Hjelpemiddel
Hjelpemiddelansvarleg for kommunen er tilsett i Stranda distrikt og det er frå lageret vårt i Nymarkvegen 58 utlevering/innlevering skjer etter avtale med hjelpemiddelansvarleg.
Søknadsskjema og saksgang:
Sjå informasjon om tenestekontor
Skriftleg søknad skal sendast til:
Tenestekontor
Øyna 13
6200 Stranda
Det er viktig at søknaden er signert for at vi kan behandle den.
Søknadane vert behandla av tenestekontoret.
Prisar for omsorgstenester, omsorgsbustad og andre tenester finn du her. (PDF, 732 kB) (PDF, 188 kB)
Kontakt
Nedanfor finn du telefonnummer til leiarar og avdelingar ved Stranda distrikt.
Vi gjer merksam på at einingsleiar og fagleiarar har arbeidstid måndag til fredag kl. 08:00 til 15:30.
Avdelingane har døgnopen telefon. Vakttelefonen til heimetenesta er tilgjengeleg heile døgnet.
Avdelingar