Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som kan bidra til auka tryggleik, sosial deltaking, mobilitet, fysisk og kulturell aktivitet. Det kan bidra til å styrke den einskilde si evne til å klare seg sjølv i kvardagen, til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Bruk av velferdsteknologi kan bidra til at du kan bu lengre i eigen heim.  Brukarmedverknad er viktig for å  kunne kartlegge den einskilde sitt behov. Alle ønsker å meistre eigen livssituasjon og klare seg mest mogeleg sjølv.

Døme på velferdsteknologi:

  • Stasjonær Tryggleiksalarm
  • Tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi
  • Digitalt tilsyn
  • Medisineringsstøtte
  • Kommunikasjonshjelpemiddel

Vil du lese meir om velferdsteknologi kan du finne meir informasjon her på KS sine sider.

Teknologi i bruk i Stranda Kommune

Stasjonær tryggleiksalarm

Alarmen står på ein fast plass i bustaden. Til alarmane høyrer det med ein alarmknapp. Denne alarmknappen kan festast rundt halsen, eller med armband. Trykker du på knappen vil alarmen varsle heimetenesta, og dei kan ta kontakt med deg via toveis tale i den stasjonære alarmenheten.

I tillegg til alarmknappen, er det mogeleg å kople til anna sensorikk som t.d. fallsensor og dørsensor.         

Mobil tryggleiksalarm med lokaliseringsteknologi

Trigger_one-trygghetsalarm

Alarmen er mobil og kan yttast både i og utanfor heimen. Alarmen har ein gul knapp for aktivering av alarm. Når du trykker på alarmen blir det sendt varsel til heimetenesta, og dei tar kontakt med deg via toveis tale direkte på alarmenheten. Det er og mogeleg å lokalisere brukar basert på GPS-koordinatar. Varsling kan og etter avtale gå til pårørande. Den mobile alarmen må ladast opp av brukar ved lågt batteri.

 

 

 

 

 

Digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn går ut på at det er montert eit stasjonært kamera i rommet. Alarmar blir utløyst basert på bevegelse i kameraet sin synsvinkel. Teknologien passar godt for personar som t.d. ikkje kan handtere ein tryggleiksalarm manuelt. Det kan leggast filter på kamerabilete, slik at heimetenesta eller mottakar av alarm ikkje automatisk får opp bilete av rommet. Men med ein grafikk over der ein kan sjå om brukar ligg på gulv, eller står oppreist. Alarmen kan koplast til sensor som t.d. dørsensor og fallsensor.

 

Kven kan få tilbod?

Alle som bur i kommunen, som på grunn av helseutfordringar, har behov for tryggleiksalarm eller anna velferdsteknologi. Det kan t.d. vere for å kunne meistre kvardagen og bu heime lenger. Ønske og behov frå søkjar vert vurdert etter innsendt søknad.

Korleis få tilbod?

Om ein allereie har kontakt med ei helse og omsorgsteneste i Stranda kommune, kontakter ein gjeldande teneste.

Dersom du har spørsmål til søknad kan du kontakte fagleiar og ergoterapeut på epost

Velferdsteknologi@stranda.kommune.no

For fylle ut søknad, kan du klikke her.

Kva kostar det?

Tryggleiksalarm har ein sjølvkost pr. 2023 på:

277,- pr. mnd

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha motteke svar frå kommunen.