Dette gjer du ved sotbrann

 

 

 

 

 

 

 

 

Når ved og olje brenn, vert det danna sotpartiklar som set seg fast på innsida av skorsteinen, på veg ut. Ved fyring over tid kan dette sotlaget bli ekstra tjukt og slå eld dersom ein fyrer ekstra hardt ein dag. Det oppstår da ein såkalla sotbrann.

  1. Ring 1-1-0

Ved skorsteinsbrann skal brannvesenet kontaktast. Sløkkinga av skorsteinsbrann bør du overlate til brannvesenet. Hugs at du ikkje skal setje deg sjølv i fare. Du må alltid evakuere før det blir farleg å opphalde seg inne.

  1. Steng ventilar og luker

Dersom du oppdagar ein sotbrann må du stenge alle ventilar på omnen og luker som fører til skorsteinen. Er det fyr i peisen må du ikkje stenge spjeldet. Då vil røyken kome inn i rommet. Dersom det ikkje er fyr i peisen kan du også stenge peisspjeldet.

  1. Unngå spreiing

Fjern alt brennbart som står i nærleiken av skorsteinen, eldstaden og sot- og feieluker. Ved etasjeskilja kan treverk og anna brennbart materiale kome inntil skorsteinen. Når det brenn i skorsteinen kan dette ta fyr. Ver difor ekstra merksam på røykutvikling ved etasjeskilja og hald godt auge med loft og kjellar. Dersom du oppdagar at brannen spreier seg frå skorsteinen til andre bygningsdelar, kan du prøve å sløkkje med vatn eller eit brannsløkkjeapparat.

Kvifor oppstår sotbrann

Avfallsstoff frå forbrenninga har sett seg i skorstein og eldstad. Desse avfallsstoffa oppstår som ei følgje av det vi kallar ei ufullstendig forbrenning. Flammar frå elden, eller den høge temperaturen i eldstaden, tenner avfallsstoffa, og sotbrannen er eit faktum.

 

 

 

 

 

Beksot - Ufullstendig forbrenning

Faktorar som kan føre til ufullstendig forbrenning:

  • Fuktig ved (seinkar temperaturen)
  • Store vedkubbar (seinkar temperaturen)
  • For mykje trekk (røykgassane rekk ikkje å bli brende, taper energi, meir sot)
  • For lite trekk (for lite oksygen)
  • Brennbare væsker (for høg temperatur, antenner skorsteinsbrann)
  • Papir, aviser, juletre (kan tenne ein sotbrann, skaper mykje sot)

Ufullstendig forbrenning skadar miljøet!

Fyringsforbod etterpå

Ein sotbrann kan skade fyringsanlegget som igjen aukar risikoen for brann. Difor blir det lagt ned eit munnleg fyringsforbod på skorsteinen og eldstaden av brannmannskapa på staden ved sløkkinga. Skorsteinen kan ikkje nyttast før feiaren har vore på tilsyn.

Feiaren skal gjere ei vurdering om fyringsforbodet kan opphevast eller vidareførast. Etter tilsynet vert det utarbeidd ein rapport som skal sendast til huseigar.

Munnleg fyringsforbod/bruksnekt frå brannvesenet er heimla i brann- og eksplosjonsvernloven § 37, tredje ledd: Ved overhengande fare kan tilsynsmyndet stanse verksemda eller forby bruken av vedkomande byggverk, område, produkt m.m. sjølv om pålegg ikkje er gitt.

Kommunen pliktar å gjennomføre tilsyn etter sotbrann. Dette er heimla i forskrift om brannførebygging § 17 andre ledd: Kommunen skal syte for at det blir ført tilsyn med fyringsanlegget etter brann eller eksplosjon i eller i tilknyting til fyringsanlegget.