Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brannvesenet sørgjer for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Kor ofte det skal feiast, skal fastsetjast ut frå behov. Behovet vert bestemt ut frå oppvarmingssystemet i bustaden, sot mengd og anna.

Tilsyn og kontroll av piper og eldstader skal gjerast kvart fjerde år.

Heilårsbustadar og Fritidsbustadar

Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter ny forskrift fra 1/1-2016,  Forskrift om Brannforebygging og lokale forskrifter i Stranda Kommune.

 

Les her om korleis det blir varsla om feiing eller tilsyn

 

Feiing - Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Alle tak med helling utover skal ha takstige/taktrinn. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad. Stigen skal rekke minst 1 meter over kanten på taket/avsatsen.

Før feiaren kjem skal du:

  • Fylle ut svarslippen og henge den på ytterdøra.
  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).
  • Sikre at stigen ikkje kan skli.
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
  • Stenge luker, ventilar og spjeld.
  • Hugse å seie i frå til leigebuar.
  • Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia.

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere tilstades og sørge for at samtlige bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigars representant varsle andre brukarar (leigetakarar).

Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • Feiaren vil i tillegg informera om og sjekka skadeførebyggjande tiltak i bustaden din, fyrst og fremst røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømingsvegar, og om du ynskjer det, råd om rett fyring og kva ein skal gjera ved pipebrann.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn eller liknande.

Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra. 

Har du spørsmål, ta kontakt med: