Fyringstips

 

       

 

 

 

 

 

 

  1. Bygg bålet riktig – bruk tørr ved
  • Bruk tørre vedkubbar nedst og ei blanding av opptenningsved og 2-3 oppteningsbrikettar øvst.
  • Tørr ved veg lite og har djupe sprekker. Slår du to kubbar mot kvarandre, skal det låte som når eit balltre treffer ein ball.
  • Brukar du fuktig ved (meir enn 20 % fukt), blir sot- og partikkelutsleppa 10 til 30 gonger større.

 

 

 

 

 

 

 

  1. Tenn frå toppen
  • Opptenning frå toppen gir raskare oppvarming av brennkammeret, som gjer at ein snøgt får godt trekk i omnsrøyret og skorsteinen. Meir oksygen til flammane og høgare temperatur.
  • Flammane på toppen sørgjer for å varme opp kubbane under slik at desse gir frå seg dei gassane som gjer at bålet brenn og vert halde ved like. Bruk opptenningsbrikettar for og sikre rask nok tenning av opptenningsveden på toppen så unngår du unødvendig røyk i opptenningsfasen.
  • Langsom opptenning og låg temperatur fører til at svevestøvet blir mangedobla.

 

 

 

 

 

 

           

  1. Sørg for nok luft
  • Pass på at det kjem nok luft inn i huset, slik at omnen får nok luft til forbrenninga. Kjøkkenvifte og ventilasjonsanlegg som dreg luft ut av huset reduserer trekken i skorsteinen.
  • Opne alle ventilar i omnen. Set gjerne døra på gløtt i opp til 5 minuttar til det brenn godt.
  • Først når eldstaden er varm etter ca. 15 minutt, regulerer du ventilane ned. Det er viktig å ikkje stenge spjeldet(a) så mykje at flammane døyr ut. Veden skal alltid brenne med synleg flamme.
  • Bål utan flammar doblar utsleppa av kolos og partiklar.

(Desse råda er utarbeidde i samarbeid med Norsk Varme og Feiermesternes landsforening. Les meir om kampanjen Riktig vedfyring.)

Sjå video om rett fyring.

https://youtu.be/L-6-p69pMjY

https://youtu.be/6Bv3EJ17J5o        

Krav til vedomnar

Frå 1. juni 1998 innførte myndigheitene nye reglar for godkjenning av vedomnar. Den nye godkjenningsordninga sikrar at vedomnar som vert selde i Noreg gir tilfredsstillande forbrenning slik at energien i veden vert godt utnytta og at utsleppa av røykgass og partiklar vert reduserte. Det er no forbode å selje omnar som ikkje tilfredsstiller utsleppskrava som er gitt i Norsk standard NS 3059.

Gamle vedomnar, laga før 1998, slepp ut bortimot 40 til 70 prosent meir svevestøv enn nyare omnar. Det er difor  viktig å skifte til nye, reintbrennande vedomnar. Noreg var først i verda med både å stille krav og å utvikle meir reintbrennande omnar. Resultatet er blitt vesentleg mindre utslepp.